Statistikken viser at nyutdanna med IT-kompetanse er svært ettertrakta i jobbmarknaden. Analysar viser at det vil vere behov for 40.000 fleire sysselsette med IT-utdanning i 2030.
Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser ei kraftig auke i arbeidstakarar med IT-yrke, skriv NRK Vestland.
Medan talet på lønnstakarar samla sett auka med fire prosent i 2015 til 2020, var auken innanfor IT-yrke i same tidsperiode på 21 prosent.
– Det har vore stor vekst i tal på IT-stillingar som er lyste ut hittil i år, seier jobbanalytikar i Finn Jobb, Christopher Ringvold.
I første halvår hadde IT-jobbannonsar ein auke på 56 prosent, og frå juni 2020 til juni 2021, har auken vore på 98 prosent.
Digitalisering innanfor mange bransjar har skapt eit ekstra behov etter folk med teknologikompetanse, fortel Ringvold.
Ifølgje ei utrekning frå Samfunnsøkonomisk analyse, vil det vere behov for 40.000 fleire med IT-kompetanse i 2030. Dei skriv at IT-næringa er blant dei raskast veksande næringane i landet.
Publisert: 06.08.2021 16:16
Sist oppdatert: 06.08.2021 16:17