Saeplast iceland
ISLAND: Sæplast hra vakse til ein stor internasjonal aktør for levering av plastkar, her frå fabrikken på Island. Foto: Sæplast
Kort fortalt

Stort salshopp for Sæplast

Ålesund-selskapet auka omsetninga med 21,3 millionar kroner.

16.05.2023

Sæplast vart grunnlagt i 1984 i Dalvik på Island, der ein starta å lage dobbeltvegga isolerte plastkar for å auke kvaliteten på fiskefangsten.

I 2004 vart det opna fabrikk i Ålesund, og i tillegg har Sæplast etablert seg i Portugal og Canada.

Sæplast Norway har gått med overskot sidan starten, med unntak eit lite minus i 2009.

I fjor vart det sett ny omsetningsrekord med 54,2 millionar kroner, og eit resultat før skatt på 5,5 millionar.

Selskapet leverer ei lang rekke ulike typer kar.

Samla eigenkapital er på 6,4 millionar kroner, og utbytet for fjoråret på 2,7 millionar.

Sæplast
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 54,2 32,9
Driftsresultat 5,5 1,7
Resultat før skatt 5,5 2,1

Publisert: 16.05.2023 14:00

Sist oppdatert: 16.05.2023 11:10

Mer om