NTB k Y Ss Ff Bhk3 Y
SKRED: Politi og nødetatar er i Kjenndalen der det har gått et snøskred i et turistområde i Loen. Biler og campingvogner er tatt av skredet. Foto: Thomas Thaule / Fjordingen / NTB/NPK
Kort fortalt

Snøskred i Loen tok minst fire bilar

Ein mann og ein baby skadd.

10.06.2022

(NPK-NTB-Snorre Schjønberg) Bilar og campingvogner vart tekne av eit stort snøskred i Loen i Stryn fredag. Det er førebels ingen som er meldt sakna eller alvorlege skadde.

Ein mann og eit lite barn vart skadd i skredet. Ifølgje Dagbladet er dei to lettare skadd. Skredet vart meldt om klokka 13.30. Tre timar seinare var det framleis for utrygt til å starte søk i skredet.

– Ein mann og eit barn er lettare skadd. Nødetatane og frivillige er på staden og jobbar med å få oversikt på hendinga og om det er sakna personar i skredet, skriv politiet i Vest i ei pressemelding.

– Det er ingen som er meldt sakna til oss, men vi jobbar framleis med å få avklart om det er fleire der inne. Men per no har vi ingen som er meldt sakna, seier kommunikasjonsrådgivar Anja Bakken i Hovudredningssentralen til NTB.

Ho ber folk som har vore i området melde frå viss dei er trygge, og oppmodar folk som eventuelt ikkje får kontakt med nokon dei veit har vore der, om å melde frå om det.

– Det er framleis skredfare i området. Politiet og redningsmannskap jobbar med å avklare om det er fleire som er tekne, seier ho.

Evakueringa av dei som sat fast på begge sider av skredet er no stort sett ferdig.

NRK melder at både bilar og campingvogner vart tekne då skredet nådde vegen. Innsatsleiar Tormod Hvattum i politiet seier til Bergens Tidende at det var minst fire bilar vart tekne av skredet.

Redningsleiar Edvard Middelthon i Hovudredningssentralen seier til NRK at det ikkje er nokon som er sakna eller hardt skadd.

Skredet vart varsla av ein forbipasserande som såg det i 13.30-tida.

– Situasjonen er per no uoversiktleg, og politiet jobbar saman med dei andre nødetatane for å skaffe oversikt over omfang og om nokon er tekne av raset, skreiv Vest politidistrikt i ei pressemelding like før klokka 15.

Nødetatane seier det er fare for nye ras. Personalet på Kjenndalsstova hjelper til i redningsarbeidet.

– Vi har ikkje tid til å prate no. Vi jobbar med å hjelpe dei som er evakuerte, seier eigar av fjellstova, Ingvill Tronrud, til NRK.

Hundepatruljar vart sende til staden med helikopter for å gjere søk i raset så snart det var forsvarleg for mannskapa.

Skredet gjekk i eit turistområde ved Loen, og nødetatane rykte ut med store ressursar. Ein luftambulanse frå Førde vart send til staden.

Innsatsleiar Hvattum seier at skredet er svært stort, og at heile fjellsida er reinska for snø.

Stryn kommune sette krisestab og ordna ein plass der evakuerte og skadde kunne fraktast til.

– Vi har sett krisestab og prøver å skaffe oss oversikt. Nødetatane er på plass, sa Stryn-ordførar Per Kjøllesdal til NTB i 15.30-tida.

– Vi kjenner ikkje omfanget enno og det er dårleg mobildekning i området, så det er vanskeleg å få oversikt, så det er det vi jobbar mest med no, seier Kjøllesdal.

Skredet er på 400 meter og deler Kjenndalen i to. Det sat fast folk på begge sider av skredet.

– Vi er på staden med mannskap frå Stryn og Olden. Ambulanse, politi og ressursar frå luftambulansen er der og, seier vaktkommandør Stian Kvam i 110-sentralen Vest til NTB.

– Det har vore eit snøskred lenger oppe, og så har det drege med seg ulike massar på veg ned, seier Cecilie Øversveen ved Hovudredningssentralen.

Skredet gjekk mellom Kjenndalsstova og Kjenndalsbreen.

Publisert: 10.06.2022 16:56

Sist oppdatert: 10.06.2022 16:59

Mer om