Straumkrisa kan gi kortare skisesong
Fleire vurderer å kutte kunstsnøproduksjonen.
(NPK): Fleire skisenter vurderer å kutte ut eller avgrense produksjonen av kunstsnø for å spare straum. Det kan føre til kortare skisesong i Sør-Noreg.
I kuldeperiodar utover hausten og tidleg vinter satsar mange skisenter på å produsere kunstsnø, mellom anna for å trekkje til seg ivrige skiløparar tidlegast mogleg. Sidan kunstsnø er meir haldbar enn natursnø, bidreg han også til å forlengje sesongen i andre enden, skriv NRK.
No vurderer fleire skisenter å kutte ned på eigen produksjon av kunstsnø, då straumprisane har blitt for høge.
Bransjeorganisasjonen Norske Alpinanlegg har 220 medlemmer. Generalsekretær Camilla Sylling Clausen seier uvisse rundt kva det vil koste å halde snøkanonane og drifta gåande i vinter, pregar medlemmene sterkt.
– Nokre tenkjer på alpinanlegg som ei slags luksusgreie. Men vi må hugse på at det ofte dreier seg om hjørnesteinsbedrifter. Det er snakk om mange arbeidsplassar. Det er også fritidstilbodet til mange barn og unge, seier Sylling Clausen til NRK.
Ho fortel om skisenter som tidlegare hadde om lag 800.000 kroner i årlege straumutgifter. No kan summen bli 8 millionar på ein sesong.
(©NPK)
Publisert: 01.09.2022 09:59
Sist oppdatert: 01.09.2022 10:14