NPK: For å unngå farlege situasjonar ved norske oljeplattformer varslar arbeidsminister Anniken Hauglie (H) strengare krav til oljeselskapa.
– Vi kan ikkje akseptera at næringa ikkje følgjer pålegga våre, seier Hauglie til
Uttalen kjem etter at Riksrevisjonen i vinter kom med kraftig kritikk av Petroleumstilsynet fordi tilsynet ikkje gjorde nok for å følgja opp avvik overfor oljeselskapa og hindra farlege situasjonar på plattformene.
Direktør i Petroleumstilsynet, Anne Næss Myhrvold, seier tilsynet allereie har teke grep og sett i gang fleire konkrete tiltak for å betra tryggleiken til oljeselskapa. Ho meiner likevel det er ein veg å gå før tryggleiken på plattformene er god nok.
– Det er behov for forbetring for å få til gode tiltak og læra frå uheldige hendingar, slik at dei ikkje skjer igjen, seier Myhrvold som meiner målet er å få den beste plattformtryggleiken i verda.

Publisert: 22.08.2019 10:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33