Kort fortalt

Strengare krav til teinemerking

Nye krav for å hindre marin forsøpling.

NPK
11.04.2022

Det blei innført krav til merking av sjølve teinen eller rusa 1. januar i år. Det gjer det enklare for Fiskeridirektoratet å avdekkje uansvarleg bruk og redusere marin forsøpling.

Det nye kravet til merking seier at merket på teinen eller rus skal festast godt i øvre del og må tole saltvatn over tid, skriv Fiskeridirektoratet.

Formålet med det nye kravet til merking er for at reiskapeN skal bli brukt riktig og ansvarleg for å unngå at det blir søppel i havet.

I tillegg har Fiskeridirektoratet utvikla ein eigen app der fritidsfiskarar kan melde mista eller funnen reiskap.

Seniorrådgjevar Gjermund Langedal i Fiskeridirektoratet seier sjølv den beste fiskaren kan miste fiskereiskap.

– Enkle grep som jamleg røkting, å ikkje sette reiskapen der båtar køyrer, bruke synlege og gode vak og nok tau hjelper veldig for å unngå å miste reiskapen.

Publisert: 11.04.2022 13:30

Sist oppdatert: 11.04.2022 13:31