Kort fortalt

Strengare med skroting av skip

Kan levarast til 26 ulike anlegg.

07.12.2018
NPK: Frå nyttår blir regelverket til EU om attvinning av skip teke inn i norsk rett. Det betyr strengare reglar for norske reiarlag som vil skrota gamle skip.
Dei nye reglane inneber mellom anna at norske skip som er omfatta av regelverket frå nyttår, berre kan gjenvinnast ved anlegg som er oppført på EU-lista over godkjende anlegg, skriv på eigne nettsider.
Denne lista inneheld til saman 26 anlegg. Av desse ligg tre utanfor EU.
Målet med dei nye reglane er å verna miljøet mot farleg materialar og stoff om bord i skipa. Dei nye reglane skal også vera med å hindra helsefarleg opphogging og uakseptable arbeidsforhold for arbeidarar andre stader i verda.
– Dei nye reglane gjer det enklare å senda skip til gjenvinningsanlegg som tek vare på helse og miljø på ein god måte, seier seniorrådgjevar Beate Langset i Miljødirektoratet.
Ho håpar dei nye reglane fører til at færre skip blir hogde opp på strender i Asia.

Publisert: 07.12.2018 10:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36