Kort fortalt

Stryn vinterski får tilskot

Sesongen vert forlenga.

21.05.2019
NPK: Stryn vinterski får ekstraordinært tilskot for å forlenge skisesongen.
Kommunestyret i Stryn har vedteke at Stryn vinterski skal få eit tilskot på 2,5 millionar kroner til to prosjekt, skriv . Mellom anna skal verksemda forlenge skisesongen og bli meir konkurransedyktige. Prosjekta har ein prislapp på totalt 8,3 millionar kroner, men støtta frå kommunen sender eit viktig signal seier styreleiar Anders Aarnes.
– Fleire aktuelle sponsorar har sagt dei er villige til å sponse oss om kommunen er med på laget. Med å støtte oss slik dei gjer no, gir dei eit veldig viktig signal ut til fleire som kan gjere anlegget vårt meir konkurransedyktig, seier han.

Publisert: 21.05.2019 11:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34