Kort fortalt

Styrkar arbeidet med næringsutvikling

Vestlandsrådet spissar arbeidet på næringsutvikling.

01.05.2022

– For å følgje opp næringsstrategien og styrke arbeidet med næringsutvikling, lyser Vestlandsrådet no ut ei stilling som prosjektleiar. ­­Dette er ei spennande stilling for deg som vil jobbe med næringsutvikling for heile Vestlandet, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve, i ei pressemelding.

Vestlandsrådet er eit politisk samarbeid mellom fylkeskommunane Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Rådet har vedtatt å spisse arbeidet sitt rundt næringsutvikling i landsdelen, og søker no ein person til å leie dette arbeidet dei neste tre åra.

Prosjektet har eit næringspolitisk forum, samansett av dei tre fylkesordførarane, partane i arbeidslivet og representantar frå næringslivet. Næringssjefane i fylkeskommunane er arbeidsgruppe for rådet.

– Prosjektleiaren skal vere sekretær for både forumet og arbeidsgruppa og vil vere ein viktig pådrivar i satsinga på næringsutvikling. Stillinga som prosjektleiar kan leggast til eit av dei tre vestlandsfylka. Om det blir tilsett ein prosjektleiar som er busett i Møre og Romsdal, vil Møre og Romsdal fylkeskommune bli formell arbeidsgivar, fortel Torve.

Søknadsfristen er 15. mai

Publisert: 01.05.2022 19:05

Sist oppdatert: 01.05.2022 19:07

Mer om