Kort fortalt

Styrkar Sjøforsvaret

Blir lova 295 millionar ekstra.

05.10.2018
NPK-NTB: Sjøforsvaret blir lovd 4,4 milliardar kroner i statsbudsjettet for 2019. Det er ein auke på 295 millionar kroner samanlikna med 2018.
Det fortel
– Vi nordmenn er ein fredselskande nasjon, vi er ikkje krigshissarar og ønskjer ingen konflikt, men i dagens verkelegheit må vi ha eit godt forsvar for å hevde vår eigen suverenitet, og då må vi ha eit operativt sjøforsvar. Når regjeringa løyver 300 friske millionar, vert dette styrkt, seier Abid Raja (V).
Ifølgje han vil pengebruken føre til eit meir robust norsk sjøforsvar.
– Denne satsinga aukar den operative tilgjengelegheita til Sjøforsvarets styrkar og resulterer i ein betydeleg reduksjon i risikoen for at planlagt aktivitet ikkje kan gjennomførast, seier Raja.
Til Nettavisen seier Hårek Elvenes (H) at dei har stor tru på at forslaget vil bli stemt igjennom.
– Det er inga usemje internt i regjeringa, og det er stor interesse for forsvarspolitikken i opposisjonen. Det er mogleg SV og Raudt kjem til å stemme imot, men vi forventar eit breitt fleirtal.
Statsbudsjettet vert offentleggjort 8. oktober.

Publisert: 05.10.2018 16:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37