Kort fortalt

Størjejakta er i gang

Kvote på 90 tonn.

21.08.2018
NPK: Dei to båtane "Hillersøy" og "Salvøy" er i gang med å leite etter makrellstørje langs norskekysten, fortel Fiskeribladet. Dei har fått ein kvote på 45 tonn kvar.
Det var tolv båtar som søkte om å få vere med i makrellstørjefisket i 2018. Etter ei loddtrekning hos Fiskeridirektoratet var det reiarlaga Hillersøy frå Bulandet i Sogn og Fjordane og Salvøy Havfiske på Karmøy i Rogaland som vart dei heldige.
Av totalkvoten på 28.200 tonn, har Noreg ein kvote på 104 tonn i år. Det er ei dobling av fjorårets kvote på litt over 52 tonn. Samtidig er den norske delen av totalkvoten auka samanlikna med i fjor. Den skal også auke i 2019 og 2020.
Makrellstørje er den største tunfiskearten i verda. Makrellstørje vert også kalla størje og blåfinna tunfisk. Fisken kan bli meir enn 3 meter lang, vege godt over 500 kilo.

Publisert: 21.08.2018 11:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37