Kort fortalt

Større etterspurnad etter sauekjøt

Rema lanserer fleire produkt.

05.11.2019
NPK: Etter at NRK viste første episode av Matsjokket har matbutikkane merka større interesse for sauekjøt. Rema 1000 vil svare på etterspurnaden med fleire produkt.
– Vi merker auka interesse frå butikken på både lam og sau. Fårefileten er godt mottatt hos både kjøpmann og kunde, seier Trond Morten Helgesen, kategorisjef i Rema 1000, til avisa .
Han snakkar om ein raudvinsmarinert filet som dei normalt berre sel om sommaren, men som no er kommen inn att i butikkhyllene.
Rema 1000 jobbar no med å få endå fleire saue-produkt ut i butikkane, både frå Nortura, Spekeloftet og Nordfjordkjøtt.
Også andre stader merker dei auka merksemd rundt sauekjøt. Blant anna Annis Pølsemakeri i Mathallen i Oslo.
– Det er nok ein større hype no, akkurat no har vi seld ganske mykje, fortel dagleg leiar Daniel Slakter.
Nortura har omtrent 20.000 sauer på lager, eller omtrent 620 tonn. Det er fordi norske forbrukarar nesten berre et lam.

(©NPK)


Publisert: 05.11.2019 11:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32