Kort fortalt

Støttar ordførarkrav om hurtigbåt

Vil ha tilbake tidleg-avgangen.

Marius Rosbach
26.02.2024

Næringsforeningen Ålesundregionen stiller seg bak kravet frå ordførarane og næringsforeiningane på søre Sunnmøre, om å få tilbake ein tidleg avgang med hurtigbåten Hareid-Valderøy-Ålesund.

Det skriv foreininga i ei melding på si heimeside.

Etter at avgangen frå Hareid 04.55 blei fjerna, har reisande problem med å rekke dei første avgangane på Vigra-flyplassen.

– For næringslivet på søre Sunnmøre er det svært viktig å ha gode samband til rett tid mellom Hareid og Ålesund lufthamn, ikkje minst tidleg om morgonen, skriv næringsforeininga i meldinga.

Publisert: 26.02.2024 09:59

Sist oppdatert: 26.02.2024 09:59

Mer om