Kort fortalt
Støttar skipstunnelarbeid likevel
Marius Rosbach
29.02.2024
Politikarane i fylkesutvalet i Møre og Romsdal gjekk denne veka inn for å støtte Måløy Vekst med 100.000 kroner for å drive påverknad i samband med Stad skipstunnel.
Fylkeskommunedirektøren rådde politikarane til å avslå søknaden på 200.000 kroner – men eit samrøystes utval gjekk inn for å løyve halvparten av beløpet.
Måløy Vekst har opplyst i søknaden at det framleis er nødvendig å jobbe aktivt mot sentrale styresmakter – og at motkrefter i regjering og departement prøvar å stoppe samferdselsprosjektet, ifølgje saksutgreiinga.
Publisert: 29.02.2024 10:32
Sist oppdatert: 29.02.2024 10:32