NPK: Klippfiskakademiet har fått 250.000 kroner til eit prosjekt som skal få barn og unge til å ete meir sjømat.
– Vi har den beste sjømaten i verda, men likevel ser vi at barn og unge droppar fisk, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.
Fredag kunngjorde han at Klippfiskakademiet gjennom ordninga Sjømattiltak får støtte til prosjektet «Fra fjord og jord til bord». Akademiet held til i Møre og Romsdal der dei mellom anna held kurs og formidlar kunnskap om lokale råvarer. Dei har også ein eigen kokk som reiser rundt til barnehagar og skular.
Ministeren seier at dei gode kosthaldsvanane blir etablert tidleg og at det difor er viktig å spreie kunnskap om at sjømat er godt og enkelt å lage.

Publisert: 12.04.2019 13:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35