Støtte til nye landstraumprosjekt
Ålesund og Åndalsnes på Nordvestlandet.
Enova har vedteke å betale ut 34 millionar kroner fordelt på fem landstraumprosjekt i den 13. runda med slik støtte sidan 2016, skriv Teknisk Ukeblad.
Landstraum vil seie at skipa kan skru av hjelpemotorar og generatorar om bord medan dei ligg i hamn. Dette er med på å redusere forureining og støy frå skipa. Det bidreg òg til å kutte CO2-utslepp.
– Landstraum er eit viktig steg i retning av utsleppsfri sjøtransport. Det er gledeleg å kunne bidra til at cruisetrafikken i norske fjordar kan redusere utsleppa sine, seier Rune Holmen, marknadssjef for sjøtransport i Enova.
Desse hamnene får støtte i denne omgangen: Tindekaia (Åndalsnes), Flatholmen (Ålesund), Risavika kai 23 og 24 (Stavanger), Homøy Maritime (Holmen) og Tollbodkaien (Bergen).
(©NPK)
Publisert: 27.06.2022 16:22
Sist oppdatert: 27.06.2022 16:24