Kort fortalt

Støtte til Sykkylven-omstilling

Skal sikre Sykkylven fleire bein å stå på.

11.03.2024

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal foreslår å gi 3,4 millionar kroner til Sykkylven kommune sitt omstillingsprogram, gitt at kommunen går inn med eit tilsvarande beløp.

Det er kompetanse- og næringsutvalet i fylke som skal ta stilling til framlegget på sitt møte fredag 15. mars.

2024 er det fjerde året for det seks-årige prosjektet. Til no er det skapt 58 nye arbeidsplassar av målet på totalt 170.

Sykkylven kommune fekk status som omstillingskommune i 2020 då det framleis var fleire arbeidslause i kommunen etter at koronapandemien kom, og møbelindustrien framleis hadde permitteringar. I ettertid har det både vore ein boom og kome ein ny nedtur for møbelindustrien, som er den viktigaste industrien i kommunen.

Publisert: 11.03.2024 15:31

Sist oppdatert: 13.03.2024 11:03

Mer om