Kort fortalt

Sula Bedriftshelseteneste blir Sula Vekst

Skiftar namn etter 29 år.

22.11.2022

Sula Bedriftshelseteneste har 60 tilsette. Selskapet er eigd av Sula kommune, og opplyser no på si heimeside at ein har fått nytt namn, ny logo og ny heimeside.

- Vi er som andre bedrifter i stadig endring. Tilpassinga til det grøne skifte, våre bærekraftsmål og tydeliggjering på kven vi er og kvar vi vil, har vore viktige element når vi no går for namneendring til Sula Vekst og logobyte, seier dagleg leiar Øystein Vebenstad.

Han seier at ein nyttar Vekst for at ein ønskjer å vekse som gode medborgerar, ha fokus på berekraft og framlei vekse med ein sunn økonomi.

- Vår nye logo syner stoltheit og glede for heimkommunen Sula. Vi har eit motto, og det er å få gjort jobben med eit smil. Om du ser godt etter, kan du skimte Sulafjellet, eit smil og eit varmt hjarte i logoen, seier Vebenstad.

Publisert: 22.11.2022 09:33

Sist oppdatert: 22.11.2022 09:39

Mer om