Måndag kåra regional- og næringsutvalet Pipelife Norge AS i Surnadal til Årets bedrift. Bedrifta produserer plastrøyr og er verdsleiande i sitt slag.
- Dette var veldig overraskande og svært hyggeleg, og eg takkar på vegne av alle tilsette, seier dagleg leiar Kjell Johan Larsen, i ei pressemelding.
Hjørnesteinsbedrifta på indre Nordmøre har 180 tilsette, og av desse arbeider 100 i Surnadal.
- Det er stort å nå opp i denne kåringa, særleg i eit fylke som Møre og Romsdal, kor der er så mange gode bedrifter. Dette betyr også at omgjevnadene, som vi er opptatt av gjennom vårt samfunnsansvar, ser oss.
- Vi feirar 50 år i år, og vi har eit prosjekt på berekraft på korleis vi skal bestå og vokse som industribedrift, seier Larsen.
I grunngjevinga har regional- og næringsutvalet lagt vekt på at bedrifta har kome langt i robotisering og digitalisering og satsinga på å få fram fleire dyktige fagarbeidarar med rett kompetanse.
- Bedrifta bidrar også aktivt med å utvikle Surnadal som lokalsamfunn. Dagleg leiar Kjell Johan Larsen har leia bedrifta sidan 1995 og har vore ein sterk bidragsytar for fabrikken i Surnadal, seier leiar for regional- og næringsutvalet, Runar Vestheim.
Kvart år deler fylkeskommunen ut prisen Årets Bedrift. Overrekkinga skjer på Fylkestinget i juni.
Det kom inn 22 forslag til prisvinnar.

Publisert: 07.05.2019 10:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35