Kort fortalt

SV krev skatteauke

Vil auke formues- og utbytteskatten

NPK
19.01.2022

SV vil auke formues- og utbytteskattenID: 17826286NPK-NTB

Når det skal forhandlast om revidert statsbudsjett til våren, vil SV krevje ytterlegare auke i formues- og utbytteskatten.

Overfor Dagens Næringsliv varslar Kari Elisabeth Kaski, SVs finanspolitiske talsperson, at partiet vil prioritere å skattleggje dei rike.

– Rekninga for krisepolitikken må gjerast opp. No er det store utgifter som vi i fellesskap må betale, til alt frå hurtigtestar til trygge arbeidsplassar. Det vil vere feil, etter to år med pandemi, at alt det skal gjerast opp med oljepengar, seier Kaski.

Sigbjørn Gjelsvik, Sps finanspolitiske talsperson, avviser allereie no kravet.

– Ap-Sp-regjeringa står for ein ansvarlege og føreseieleg skatte- og avgiftspolitikk overfor folk og næringsliv. Det er ikkje aktuelt å auke formuesskatt eller utbytteskatt midt i året eller å gi skatteskjerpingar med tilbakeverkande kraft, seier han.

Aps finanspolitiske talsperson, Eigil Knutsen, vil ikkje kommentere kravet frå SV, men seier til DN at «nå har vi nettopp vedtatt skatteopplegget for 2022».

Publisert: 19.01.2022 07:33

Sist oppdatert: 19.01.2022 07:35