Kort fortalt

Svekt tillit for norsk mat

Det gjeld i alle kategoriar.

14.11.2018
NPK: Fleire norske matvarer har ikkje lenger same tilliten hos norske forbrukarar som før, viser ny undersøking.
Både tilliten til norske egg, kjøt-, kylling- og kalkunprodukt er svekt, fortel Bondebladet.
Konklusjonen byggjer på den siste årlege undersøkinga til bransjeorganisasjonen Animalia. Organisasjonen har sidan 2006 spurt nordmenn ei rekkje faste spørsmål om tilliten til norsk mat.
Vanlegvis har norsk mat kome godt ut, men i år er trenden ein annan. I alle kategoriane kjem norsk mat dårlagere ut enn før. Ifylgje Bondebladet har det aldri vore færre som har sagt at norsk mat er tryggast.
Generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag ser svært alvorleg på funna.
- Dette er så alvorleg at vi ikkje kan leva med denne utviklinga, seier han.
Skorge meiner tala på takast på alvor. Han trur avdekkinga av dårleg svinehald er den viktigaste enkeltårsaka til den sviktande tilliten og meiner det no er viktig å setja i gang eit målretta arbeid for å byggja opp att tilliten til norsk mat.

Publisert: 14.11.2018 16:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36