Kort fortalt

«Svært krevjande» for Widerøe

Framleis låg trafikk.

NPK
04.01.2023

(NPK): Widerøe hadde fleire passasjerar i 2022 enn året før, men nivået er framleis godt under frå før pandemien. Desember var prega av låg etterspurnad og dårleg ver, opplyser selskapet.

– Resultatet i desember er som forventa. Det er likevel gledeleg å sjå at trass i renteauke og stramming av livreima i mange familiar, så blir feriereiser framleis prioriterte i familiebudsjettet, seier konsernsjef Stein Nilsen.

Han fortel at det er iferd med å bli fylt opp i vinterferien, påska og sommarferien. Han reknar med at denne tendensen vil bli forsterka ytterlegare, og at satsinga på ferie- og fritidstrafikk har treft bra i marknaden.

Nilsen fortel at avviklinga av juletrafikken er det mest krevjande selskapet har opplevd i nyare historie. Dette gjeld spesielt på kortbaneflyplassane i Nord-Noreg og på Vestlandet. Også Bergen Flesland, som er største flyplassen for Widerøe, var sterkt prega av uveret.

– Det har vore ein svært krevjande månad for alle i Widerøe. Dei har stått på døgnet rundt for å få alle passasjerar fram. Eg har lyst til å takke tolmodet til passasjerane, som har vore hardt ramma av dårleg vêr, forseinkingar og også kanselleringar, seier Stein Nilsen.

(©NPK)

Publisert: 04.01.2023 12:45

Sist oppdatert: 04.01.2023 12:46

Mer om