Kort fortalt

Svært lav folketalsauke

Vi er 5.332.000 ved nyttår.

18.12.2018
NPK-NTB: Ved nyttår reknar Statistisk sentralbyrå (SSB) med at befolkninga i Noreg vil vere på drygt 5,33 millionar. Befolkningsveksten har ikkje vore lågare på 13 år.
Prognosen inneber at befolkninga har auka med 36.000 i 2018, ein vekst på 0,7 prosent.
– Dersom vi samanliknar over fleire år vil dette bli den lågaste befolkningsveksten sidan 2005, skriv i gjennomgangen sin av tala.
Årsaka til den låge veksten er både færre innvandringar og gradvis lågare fødselstal.
Det er Akershus og Oslo som har den høgaste veksten i folketalet, med høvesvis 1,7 og 1,2 prosent. Lågast vekst har fylka Finnmark og Sogn og Fjordane, som begge hadde ein nedgang i folkemengda på 0,3 prosent.
Norske politikarar har lenge bekymra seg over låge fødselstal, og statsminister Erna Solberg (H) sa i haust at regjeringa vil sjå på tiltak som kan inspirere nordmenn til å få fleire barn.

Publisert: 18.12.2018 16:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36