Runar Tandstad More Trafo foto Marius
ROS TIL KOMMUNEN: Møre Trafo-sjef Runar Tandstad er godt fornøgd med samarbeidet med Sykkylven kommune. Foto: Marius Rosbach.
Kort fortalt

Sykkylven til topps

Kåra til Norges best vertskommunen for næringslivet.

17.03.2026

Det er NHO og Kommunenes Sentralforbund (KS) som står bak kåringa, og Sykkylven gjekk til topps i klassa for små kommunar.

Juryen trekkjer fram at det er ein låg terskel for kontakt og dialog med næringslivet, og kommunen sitt omstillingsprogram for å utvikle nye arbeidsplassar og eit meir robust næringsliv. 

- Vi har hatt god dialog med kommunen i forbindelse med planprosessar. Dei gir rask respons, og saksbehandlingen er kjapp og effektiv. Det har gjort at vi har kunne utvide og dermed auke aktiviteten, seier Runar Tandstad, administrerende direktør i Møre Trafo, i ei pressemelding i samband med prisutdelinga. 

Publisert: 17.03.2026 11:43

Sist oppdatert: 17.03.2026 11:43