Kort fortalt

Synfaring ved skipstunnelen

Kystverket samla allle konkurrentane.

10.03.2025

I dag og i morgon har Kystverket samla dei fire konkurrentane om å få bygge Stad skipstunnel til synfaring og diskusjonar.

Etter den siste utsilinga står det att fire grupperingar som kjempar om oppdraget. 

Kvar gruppering har sendt sju-åtte personar til samlinga, som har Stad Hotel i Leikanger som base, fortel Sveinung Nedregotten i Kystverket.

I dag er det synfaring både på nordsida og sørsida av tunnelen. I morgon er det ein til ein diskusjonar med kvar gruppering.

I siste utsilingsrunde vart to kinesiske grupperingar ikke med vidare.

No står det om desse fire:

  • Arbeidsfellesskap: Skanska Norge AS og Vassbakk og Stol AS (Norge)
  • AF Gruppen Norge AS (Norge)
  • Eiffage Genie Civil (Frankrike)
  • Arbeidsfellesskap: Acciona Construccion S.A og Bertelsen og Garpestad AS (Spania / Norge)

Publisert: 10.03.2025 16:01

Sist oppdatert: 10.03.2025 16:01

Mer om