Sår frø med drone
Ikkje gjort liknande i Norge.
(NPK): På Mære landbruksskole testar dei korleis det fungerer å så frø med hjelp av dronar samanlikna med traktor og såmaskin.
– Vi synest det er kjempespennande viss vi kan bruke areala våre og den agronomiske kompetansen vår til å la gründerar utvikle nye berekraftige, lønnsame næringar, seier utviklingsleiar ved Mære landbruksskole, Tove Hatling Jystad, til NRK.
Ved skolen har dei no ein forsøksåker der det på halvparten av åkeren er ein drone som sår raigraset, medan det på den andre halvparten blir sådd på vanleg vis med traktor og såmaskin.
Det er Atilla Haugen og kollegaene i selskapet Biodron som gjer forsøket med drone. Tidlegare har dei prøvd ut å sprøyte og gjødsle med hjelp av dronar. No testar dei såing av grasfrø, av typen rai.
Haugen fortel til kanalen at det ikkje er gjort noko liknande i Noreg tidlegare, og at det er vanlegare å bruke drone i landbruket i andre verdsdelar som Asia.
(©NPK)
Publisert: 18.05.2021 12:27
Sist oppdatert: 18.05.2021 12:28