Kort fortalt

Tilrår ekstraordinær generalforsamling

Kontrollutvalet i fylkeskommune reagere på R8Me-kjøp.

30.03.2023

Eit samrøystes kontrollutval i Møre og Romsdal fylkeskommune rår Fylkestinget til kalle inn til ekstraordinær generalforsamling i eigedomselskapet Fylkeshuset as , der fylkeskommunen er majoritetseigar, skriv Sunnmørsposten.

Poenget med ei ekstraordinær generalforsamling er "å sikre at relevante lover og regler blir fulgt" heiter det i vedtaket.

Fylkeshuset as kjøpte i 2021 50 prosent av aksjane i selskapet berekraftratingselskapet R8Me frå Ingvild Nistad, som var tilsett i fylkeskommunen. Prisen var fem millionar kroner, over ti gangar meir enn selskapet vart verdsett til i ein emisjon eit halvt år tidlegare.

Kjøpet vekte sterke reaksjonar hos fylkespolitikarane og kontrollutvalet leigde inn revisjon, rådgiving og advokatselskapet Deloitte for å kartlegge og vurdere kjøpet. Deloitte kom i ein rapport førre veke med kritikk både av prising og framgangsmåte i kjøpet .

Tidlegare fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik var og er styreleiar i Fylkeshuset as. Juridisk sjef i fylkeskommunen, Gudmund Lode, var og er dagleg leiar i selskapet.

Publisert: 30.03.2023 19:16

Sist oppdatert: 30.03.2023 20:55

Mer om