Kort fortalt

Tafjord slo rekorden

25,4 grader ei oktobernatt.

16.10.2018
NPK-NTB: Dei 25,4 gradene som vart målt i Tafjord og Surnadal natt til søndag, låg langt over den gamle rekorden for nattetemperatur i Noreg i oktober.
Temperaturen i dei to bygdene på Sunnmøre låg berre 0,2 grader under den nasjonale oktoberrekorden.
Men den vart sett på dagtid i Molde i 2005. På nattetid finst det ikkje noko i nærleiken av 25,4 grader i temperaturdata som strekkjer seg tilbake til 1950-talet.
– Dette var ekstremt, konstaterer forskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt.
Den direkte årsaka til den kraftige nattevarmen i Tafjord og Surnadal var plutseleg fønvind – eit naturleg fenomen som oppstår forholdsvis ofte ein del stader på Sunnmøre. Mamen peikar også på at den globale oppvarminga bidrar til å løfte toppane i dei naturlege svingingane i temperaturen.
Ifølgje Mamen finst det i Noreg statistikk over makstemperaturar kvar einaste time på døgnet som strekkjer seg 10–20 år tilbake i tid.
Den førre natt-rekorden for oktober på denne lista er frå Ålesund i 2010, då det var 21,6 grader. I Tafjord og Surnadal i helga var det 3,8 grader varmare enn dette.
Ein oversikt over makstemperaturar, uavhengig av tid på døgnet, finst i alle fall tilbake til 1950-talet. Den tredje høgste oktober-temperaturen i denne oversikta er frå ein ettermiddag i Kongsberg i 1973 då det var 24,6 grader.
Også dette er altså betydeleg lågare enn temperaturen natt til søndag i Tafjord og Surnadal.

Publisert: 16.10.2018 15:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37