Kort fortalt

Tang og tare blir sjømat

Fiskeriministeren varsler lovendring.

NPK
25.05.2022

NPK: Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) går inn for å endre fiskeeksportlova slik at tang og tare i fiskeeksportlova blir definert som sjømat.

– Det har enormt mykje å seie for utviklinga av tang- og tarenæringa, seier styreleiar i bransjeorganisasjonen Norwegian Seaweed Association, Gunnar Skjellvik, til Fiskeribladet.

– At tang og tare blir marknadsført i utlandet på ein god måte er heilt avgjerande for å få meir kapital i næringa. Dette er noko fleire investorar har venta på. Næringa veks, og vi er avhengig av å få selt det som blir produsert, seier Skjellvik.

Skjæran skiv i ein e-post til Fiskeribladet at han og departementet for å hjelpe næringa å utvikle seg kjem til å foreslå endringar i regelverket slik at Sjømatrådet skal kunne drive marknadsarbeid for tang og tare.

Publisert: 25.05.2022 13:29

Sist oppdatert: 25.05.2022 13:30