(NPK): Torsk med sukkertare og søl, marinert kveite med fingertang, og sjokoladeis med sukkertare er velsmakande og god mat. Slik konkluderer i alle fall testpanelet i forskingsprosjektet Alger – Sunn mat frå kysten (Alsmak).
Alsmak-panelet har prøvd det ut og meiner makroalgar smaker godt til både sjømat, kjøttrettar og dessertar. Dei kan dessutan kombinerast med eit breitt spekter av smakar som søt, syrleg og krydra.
I ein forbrukartest fekk òg ei større gruppe smake fiskekake med og utan sukkertare. Der kom det fram at 42 prosent likte sukkertarevarianten best, mens 22 prosent sa dei ikkje kjende forskjell. Resten, 36 prosent, syntest den tarefrie fiskekaka var best.
Konklusjonen er at tang og tare kan nyttast til meir enn såkalla alginat, det vil seie ei form for fortjukkingsmiddel, som er det vanlege bruksområdet i dag. Potensialet er stort i matlaginga òg, meiner forskarane. Artar som søl, bu-tare, sukkertare og fingertare er dessutan rike på protein, vitamin og mineral.
Det er Møreforsking som har gjennomført prosjektet på oppdrag frå i samarbeid med Klippfiskakademiet AS, Atlanterhavsparken, University of New Brunswick i Canada og Hortimare AS.

Publisert: 01.10.2015 14:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50