Tang og tare inn i fiskeeksportlova
Stortinget har einstemmig vedteke at tang og tare skal innlemmast i fiskeeksportlova.
Fredag vart lovvedtaket sanksjonert av Kongen i statsråd og det trer i kraft 1. juli i år. Dette inneber at Forskingsfinansieringa til fiskeri- og havbruksnæringa (FHF) kan lyse ut midlar til forsking og utvikling av tang- og tarenæringa, og dessutan at denne næringa kan nytte Sjømatrådets tenester, som marknadsføring i utlandet.
– Dette er eit viktig steg i rett retning for ei ny og spennande næring. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for utvikling av tang- og tarenæringa, som har stort potensial. Næringa har lenge signalisert behov for tilgang til ressursane for marknadsføring og forskingsfinansiering, og det bidreg vi no til å betre, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i ei pressemelding.
Tang- og tarenæringa er førebels ikkje stor, men den lange kysten vår og gunstige forhold for hausting og dyrking av tang og tare gjer at potensialet til næringa kan vere stort.
Sjømatrådet har sidan skipinga i 1990 bidrege for å auke verdiskapinga i fiskeri- og havbruksnæringa og for å fremje verdien av norsk sjømat gjennom marknadsføring i utlandet, arbeid med marknadsinformasjon, marknadstilgang, kommunikasjon og beredskap. FHF finansierer forskings- og utviklingsprosjekt som fiskeri- og havbruksnæringa ønskjer gjennomført.
Publisert: 26.05.2023 13:57
Sist oppdatert: 26.05.2023 13:57