Kort fortalt
Tap for Ørsta-selskap
Eigaren har skote inn meir kapital.
08.05.2023
Selskapet Ørsta Byggservice vart etablert i 2002, og sel hus og hytter, spesielt på søre Sunnmøre, men også hytter på Bjorli.
I fjor hadde selskapet eit resultat før skatt på minus 0,5 millionar kroner. Også i åra 2018-20 var det negative resultat, slik at eigenkapitalen ved utgangen av 2021 var på minus 2,5 millionar kroner. Men no har eigaren Boligpartner skote inn friske midlar, slik at eigenkapitalen ved siste årsskifte var på pluss 2,5 millionar.
I årsmeldinga vert det opplyst at ein forventar eit resultat i balanse i år, men at Boligpartner om nødvendig vil skyte inn ytterlegare kapital.
Selskapet sysselsette i fjor tre årsverk.
Ørsta Byggservice | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 32,1 | 34,3 | |
Driftsresultat | -0,5 | 0,9 | |
Resultat før skatt | -0,5 | 0,9 |
Publisert: 08.05.2023 12:00
Sist oppdatert: 08.05.2023 07:46