35774445 263466227549438 5114908490183213056 n
BILVASK: Ålesund Bilvask gjekk i minus i fjor. Illustrasjonsfoto: Ålesund Bilvask
Kort fortalt

Tapte pengar på bilvask

Ålesund Bilvask vart starta opp i 2016, og hadde toppår i fjor.

09.05.2023

Ålesund Bilvask hadde sitt beste år omsetningsmessig i 2022.

Trass i at inntektene aukar, hadde selskapet eit resultat før skatt på minus 460.000 kroner i fjor, mot pluss 299.000 kroner året før.

Selskapet driv med innvendig og utvendig vask av køyretøy, i tillegg til å selje og montere dekk.

Bak selskapet står Marius Roman Gorzny, som vil tilføre selskapet friske pengar ettersom eigenkapitalen er tapt.

Ålesund Bilvask sysselsette tre årsverk i fjor.

Ålesund Bilvask
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 5,2 4,3
Driftsresultat -0,4 0,3
Resultat før skatt -0,4 0,2

Publisert: 09.05.2023 10:00

Sist oppdatert: 10.05.2023 00:07

Mer om