NPK: Høgre sin listetopp i Ålesund, Dag Olav Tennfjord, meiner det er på tide å innføre turistskatt, melder NRK.
Tennfjord seier det manglar verktøy for å styre turisttrafikken i ei retning som gir færre turistar, men som til gjengjeld legg igjen meir pengar i regionen. Tennfjord har ikkje støtte for forslaget oppover i partiet, men meiner det er på tide å ta debatten, skriv NRK.
Etter at Arbeidarpartiet i april i år gjekk inn for nasjonal turistskatt, vart det fleirtal for det på Stortinget.
Kommunar i Lofoten i Nordland, Nordkapp kommune i Finnmark, Stranda kommune i Møre og Romsdal og Stryn kommune i Sogn og Fjordane har tidlegare tatt til orde for å vurdere innføring av .
At ei stor mengde turistar fører til eit større behov for høg beredskap i helsevesenet, brann og søppelhandtering og behov for midlar til å etablere fleire fellesområde og offentlege toalett, har vore blant argumenta for dette.
Virke Reiseliv har òg tatt til orde for turistskatt, og meiner pengane som da kjem inn, må øyremerkast fellesgode som det er behov for fordi mange turistar besøker destinasjonen.
Stortinget vedtok i fjor å ikkje innføre ein nasjonal turistskatt, men opna for at regionar og kommunar kunne innføre lokale ordningar. NHO Reiseliv meiner at kommunane sjølve må ta belastinga.
Svalbard har ifølgje Klassekampen hatt turistskatt kalla miljøavgift i ti år, og på desse åra har det komme inn 128 millionar kroner som har vorte fordelte på 600 ulike lokale prosjekt.

Publisert: 04.09.2019 19:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32