Asfaltservice
ASFALT: Asfaltservice aukar inntektene, her frå eit oppdrag på Viddal. Foto: Asfaltservice
Kort fortalt

Tente godt på asfaltlegging

Ålesund-selskap med rekordomsetning i fjor.

14.04.2023

Selskapet Asfaltservice vart etablert i 1997 og er eigd av Rolf Gunnar Olsvik med 80 prosent og Geir Olsvik med 20 prosent.

Selskapet driv med oppretting og asfaltering av vegar, og har oppdrag for både private og entreprenørar.

I fjor sysselsette selskapet fem årsverk, og hadde eit resultat før skatt på gode 4,3 millionar kroner av ei omstening på 16,8 millionar, begge deler solid forbetring frå året før. Ein må tilbake til 2008 for å finne minustal for selskapet som har ein samla eigenkapital på 5,0 millionar kroner og 0,2 millionar i langsiktig gjeld.

Eigarane kan for fjoråret fordele eit utbyte på 1,5 millionar kroner.

Asfaltservice
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 16,8 12,1
Driftsresultat 4,3 0,9
Resultat før skatt 4,3 0,9

Publisert: 14.04.2023 06:38

Sist oppdatert: 14.04.2023 06:39

Mer om