(NPK): Sist helg gjekk dei første kommersielle turane med heilelektrisk rib-båt i Geirangerfjorden.
– Miljø er ein stor grunn til at eg satsar på dette. Eg har to døtrer, på fire og sju år og er ikkje veldig optimistisk når det gjeld klima, seier Leif Stavøstrand til .
Det er firmaet Evoy som Stavøstrand driv saman med far sin i Florø, som har utvikla båten. Dei har utvikla elektrisk køyresystem for raske båtar, med batteri frå USA og motor frå Tyskland.
Dei første kommersielle turane med prototypen gjekk 19. og 20. oktober.
Selskapet Fjordguiding AS som har drive med fjordturisme i Geiranger sidan 2007, meiner det er på tide å setje ein standard.
– Vi opererer med fire RIB-båtar, og i 2020 skal alle desse vere elektriske. Det er målet, fortel Hantveit til avisa.

Publisert: 21.10.2019 16:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32