Testar makrellstørje-overvaking
Testar ut om sonar kan brukast.
Forskarar testar no ut om det går an å identifisere og telje makrellstørjer med hjelp av sonar.
– Vi har fått mange gode målingar som vi kan trekke ut interessant informasjon frå. For eksempel kor store stimane er, korleis dei sym, kor lettskremte dei er og om dei oppfører seg likt om natta og om dagen, seier toktleiar Hector Peña på nettsida til Havforskingsinstituttet.
Nyleg var han og kollegaer ute med fiskebåten «M. Ytterstad» på sonartokt.
Det langsiktige målet er å kunne ta i bruk sonar til bestandsovervaking – kor mykje makrellstørje det er i norske farvatn, og kva utbreiing arten har.
– Vi var i stand til å telje individ i mindre stimar med sonar, og det at vi kan identifisere og måle enkeltfisk i stimen gir oss informasjon om målstyrken – altså ekkostyrken frå eitt individ, seier Peña
Publisert: 27.10.2021 11:59
Sist oppdatert: 27.10.2021 12:00