Sjomerke foto Lill Haugen Kystverket
Ni nye sjømerker blir no sett ut på ulike stader langs kysten for testing gjennom vinteren. Her blir ett plassert ved innseglinga til Ålesund. Foto: Lill Haugen / Kystverket
Kort fortalt

Testar nye sjømerke langs kysten

Blir sett ut ni plassar - mellom anna ved innseglinga til Ålesund.

NPK
02.12.2025

(NPK): Nye, norskutvikla sjømerke vert no sett ut på utvalde stadar frå telemarks- til finnmarkskysten. Med sterkare lys og smartare design skal dei nye «trafikkskilta til sjøs» testast i nokre av dei tøffaste forholda langs kysten.

Etter månader og år med utvikling, testing og samarbeid på tvers av mange fagmiljø, er Kystverkets nye sjømerke no ferdige og klare for utplassering.

Det er Kystverket sjølv som har utvikla den nye typen sjømerke, som både gir sterkare lys, toler meir vêr og er lettare halde ved like. No vert dei ni første eksemplara plasserte på ulike stader langs kysten, frå Kragerø i sør til Sørvær i nord. Sjømerka skal testast gjennom vintermånadene, for å gjere eventuelle forbetringar.

– Med over 22.000 sjømerke er Noreg blant dei landa med flest sjømerke i verda. Den lange og utfordrande kysten vår gjer god sjømerking svært viktig for navigasjon og trygg ferdsel til sjøs, seier Roger Holgersen, seksjonssjef i prosjektseksjonen i Kystverket, i ei pressemelding.

(©NPK)

Publisert: 02.12.2025 13:33

Sist oppdatert: 02.12.2025 13:33

Mer om