Kort fortalt

Testar ut fiskeslam som gjødsel

Prosjektet Sea2land skal undersøkje om fiskeslam kan brukast som gjødsel på land.

NPK
15.03.2022

Grønn Gjødsel Rakkestad i Østfold er eitt av selskapa her i landet som brukar tørka fiskeslam til å produsere gjødsel. No er selskapet saman med Nibio med på eit europeisk prosjekt for å undersøkje potensialet i år bruke meir avfall frå sjøen til gjødsel på land, melder Bondebladet. Det var forsking.no som omtalte saka først.

– Vi må finne ut om det er uønskte stoff i denne gjødsla. I neste omgang må vi sjå korleis vi skal behandle og bruk fiskeslammet for å få ein god gjødslingseffekt, seier forskar Mette Thomsen i Nibio.

Fiskeslam blir ikkje like god gjødsel som kumøkk eller anna avføring frå dyr på land. Ein god del av dei mest tilgjengelege næringsstoffa blir vaska ut i vatnet. Det er heller ikkje sikkert at folk flest kjem til å ha lyst på grønsaker og annan mat som er gjødsla med fiskeslag. Forbrukarar er skeptiske.

Forskar Bente Føreid meiner det ikkje er nokon grunn til skepsis.

– Om du er uroa for spreiing av sjukdom, til dømes, er kumøkk som gjødsel truleg verre enn fiskeslam. Kanskje nokon trur det er antibiotika i slammet, men det er det i veldig liten grad i settefiskanlegg, seier ho.

Slammet det er snakk om kjem frå oppdrettsanlegg.

Publisert: 15.03.2022 11:22

Sist oppdatert: 15.03.2022 11:22