Kort fortalt

Ti millionar til språkforsking i Volda

Skal undersøke om dialekt gjer det meir vanskeleg å lære.

NPK
25.11.2025

(NPK): Førsteamanuensis Jade Sandstedt ved Høgskulen i Volda (HiV) får nær ti millionar kroner frå Forskingsrådet til eit nytt prosjekt om korleis dialektvariasjonar påverkar språkprosessering.

Kan grammatiske forskjellar mellom tale og skrift gjere det vanskelegare å lære å lese, spesielt for barn frå dialektområde der talemålet ikkje samsvarer med skriftspråket?

Prosjektet «MInDReading» skal undersøkje korleis ulike språklege former blir handterte i hjernen, skriv høgskulen.

Dei neste fire åra skal eit forskarteam med Sandstedt i spissen sjå på korleis dialektvariasjon påverkar måten vi forstår språk på, anten vi les eller lyttar

Eit døme er nordnorske dialektar der ein seier «eplan e brun», medan ein skriv «eplene er brune» på bokmål. Slike grammatiske skilnader mellom talemål og skriftspråk gjer at lesarar må handtere variasjon der dei seier éin ting, men les og skriv noko anna.

Forskingsprosjektet til Sandstedt skal sjå på korleis grammatiske skilnader mellom dialektar, nynorsk og bokmål kan påverke lesing og forståing. Mellom anna skal forskarane bruke EEG (elektrisk registrering av hjerneverksemd) og augesporing for å måle hjerneaktivitet hos deltakarar frå ulike delar av landet. Målet er å forstå om avvik mellom tale og skrift kan påverke leseutviklinga.

Eksperimenta skal gjennomførast Volda, Tromsø og Oslo i samarbeid med forskarar ved UiT og UiO.

(©NPK)

Publisert: 25.11.2025 13:01

Sist oppdatert: 25.11.2025 13:01

Mer om