Kort fortalt

Tillitsvalgt til sak mot Island Offshore

Meiner han er usakleg oppsagt.

24.04.2020

Hovudtillitsvald Alf Rune Kalland i SAFE (Sammenslutningen av Fagorganiserte i Energisektoren) sin klubb i Island Offshore går til søksmål mot reiarlaget, ifølge Vikebladet.

Kalland meiner han er usakleg oppsagt og at arbeidsgjevaren har ønska å kvitte seg med han, fordi han har teke opp forhold han meiner har vore kritikkverdige.

– Eg har sett gjennom fingrane på fleire ting, men i somme tilfelle kunne eg ikkje gjere det. Eg har vore hovudtillitsvald frå starten av, med unnatak av eitt år - og har nok gjort jobben min litt betre enn det reiarlaget ønskja, seier han til avisa.

Reiarsjef Tommy Walaunet seier han ikkje vil prosedere saka i media og viser til at Kalland var ein av 50 oppseiingar som kom etter at reiarlaget missa ei kontrakt i fjor – og at det er ein konsekvens av den krevjande marknaden dei er i.


Publisert: 24.04.2020 17:08

Sist oppdatert: 06.08.2021 11:06