Kort fortalt

Tilrår mobilfri skule

Utdanningsdirektoratet vil ha mobilen vekk frå friminutta også.

07.02.2024

Mobiltelefonen må ut av klasseromma på både grunnskulen og vidaregåande, tilrår Utdanningsdirektoratet.

Direktoratet meiner at også friminutta bør vere mobilfrie på både barne- og ungdomsskulen.

– Eg er heilt samd i tilrådinga frå direktoratet. Mobiltelefonen har ingen naturleg plass i norsk skulekvardag. Eg er trygg på at norske kommunar og fylkeskommunar følgjer nasjonale faglege tilrådingar, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Publisert: 07.02.2024 07:22

Sist oppdatert: 07.02.2024 07:22