Tilsyn i fiskerislakteria
Mattilsynet skal på tilsyn i dei fleste fiskerislakteria.
Mattilsynets skal gjennomføre tilsyn på dei fleste fiskerislakteria til hausten. Dei gjer dette for å finne ut om slakteria oppfyller krava til fiskehelse og fiskevelferd.
Bakgrunnen for kampanjen er ei kartlegging i 2020 som viste at ikkje alle fiskeslakteri oppfyller alle krava i slakteriforskrifta og forskrift om desinfeksjon av vatn i akvakultur. I tillegg vart det avdekt ein del misforståingar rundt godkjenningsordningar.
– VI vedtok derfor å gjennomføre ein tilsynskampanje der målet er å kartleggje og kontrollere status, og å byggje kompetanse på slakteria og i Mattilsynet, seier kampanjeleiar Bjarne Bjørshol.
Tilsyna blir gjennomførte i perioden 1. august til 1. desember, og målet er å kontrollere 40 av totalt 69 fiskeslakteri over heile landet.
Publisert: 11.05.2022 16:38
Sist oppdatert: 11.05.2022 16:39