Kort fortalt

Tindra inn i Linja

Stranda Energi sitt nettselskap inn i Linja-konsernet.

09.11.2023

I samband med at Stranda Energi Holding har blitt ein del av Tussa Kraft-konsernet blir nettselskapet til Stranda Energi Holding ein del av nettselskapet Linja.

Tindra Nett sitt nett av kraftliner og -kablar omfattar Hellesylt, Liabygda og Geiranger. Linja er eit nettselskap eigd av Tafjord, Tussa Kraft og Sogn og Fjordane Energi.

Styra i Linja og Tindra Nett har vedteke fusjonsplan for samanslåing. I første omgang er Tindra Nett blitt eit dotterselskap av Linja, og etter ein periode med formelle prosessar vil Tindra og Linja bli fusjonert -rett over nyttår, skriv selskapa i ei pressemelding.

Med denne samanslåinga får Linja 10 nye medarbeidarar og om lag 3.750 nye nettkundar.

Linja er fjerde største nettselskapet i landet, med omlag 102.000 kundar og regionalnett i 27 kommunar frå Sognefjorden til Romsdalsfjorden og
310 tilsette.

Publisert: 09.11.2023 15:00

Sist oppdatert: 09.11.2023 15:00