NPK-NTB: Forbrukartilsynet meiner forbrukarar blir lurte til å tru at dei kjøper miljøvenlege og berekraftige produkt. Fleire har vorte pålagde å endre marknadsføringa.
Forbrukartilsynet åtvarar norske næringar om følgjene av villeiande miljømarknadsføring, skriv .
– Forbrukarane er jo stadig meir opptatt av berekraft, miljø og klima når dei handlar. Eg synest eg ser eit rått misbruk av ønska til forbrukarane om å handle meir berekraftig. Det synest eg dei næringsdrivande skal halde seg for gode for, seier direktør Elisabeth Lier Haugseth i Forbrukartilsynet til kanalen.
Konsekvensane av ulovleg miljømarknadsføring kan vere store bøter. Forbrukartilsynet har sendt tilsynsbrev til Tine, Nationaltheatret og KappAhl. Selskapa er pålagde å endre marknadsføringa.
Tine hevda i ein reklamevideo at dei er det mest berekraftige selskapet i Noreg. Påstanden vart klaga inn for Forbrukartilsynet og fekk medhald. Selskapet har uttalt at det aldri var intensjonen å hevde at Tine er det mest berekraftige selskapet i landet, men at dette er noko forbrukarane har kåra selskapet til.
Marknadsdirektør i KappAhl, Ingrid Melnes, seier til NRK at dei har tatt ned ein kampanje Forbrukartilsynet meinte var misvisande. Ho legg til at dei skal sørgje for at dei er meir tydelege i neste berekraftskampanje.
Nationaltheatret samanlikna teaterbillettar med flyreiser og hevda teaterbillettane dei selde var meir klimavenlege. Forbrukartilsynet reagerte på marknadsføringa fordi dei meiner det meste er klimavenleg samanlikna med flyreiser.
Kommunikasjonssjef Ida Margreta Halvorsen hos Nationaltheatret seier til NRK at dei skjønner kritikken og har fjerna kampanjen.

Publisert: 01.07.2019 08:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33