NPK-NTB: Tine planlegg å investere mellom 100 og 300 millionar kroner i eigenproduksjon av biodrivstoff som baserer seg på kumøkk.
– Vi har enormt med kumøkk, det er det ikkje tvil om. Derfor ser vi moglegheiter i å investere i biogass, seier Lars Galtung, direktør for kommunikasjon og samfunnsansvar i Tine, til .
I første runde går tre bilar på komprimert biogass frå meieriet på Sem utanfor Tønsberg. Ytterlegare to bilar er bestilte, og med tida håpar Tine å skifte ut heile den fossile bilparken.
Ein rapport utarbeidd av konsulentselskapet Rambøll, anbefaler Tine å involvere seg i biogassproduksjon. Tines totale energibehov til transport kan bli dekt på den måten, slår rapporten fast.
Analysen viser at dersom møkka blir brukt til biogass, og restproduktet som gjødsel, blir utsleppa per liter mjølk redusert med opptil 13 prosent.
– Dersom anlegget er stort nok med god infrastruktur rundt, er det mogleg å oppnå god lønsemd samanlikna med fossile drivstoff, seier Galtung til DN.
Tine planlegg eit samarbeid med selskap i Trøndelag, Tønsberg og Jæren for å få hand om verdikjeda, skriv avisa. Dermed blir Tine både produsent og kunde.

Publisert: 22.05.2018 10:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39