Frå 1.november kan alle bilistar i heile Noreg leggje om til piggdekk viss dei ønskjer det. Dei aller fleste køyrer likevel med piggfrie vinterdekk, men to av ti skiftar faktisk ikkje dekk i det heile.
– Altfor mange ser ut til å tru at piggfrie vinterdekk er eit universelt heilårsdekk, noko som er heilt feil. Køyrer du med piggfrie vinterdekk gjennom sommaren kan du vere heilt sikker på at sol og varme har påverka gummien slik at dekket er langt unna å verke optimalt på vinterføre med snø, sørpe og is, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgivar i Tryg Forsikring, i ei pressemelding.
Kvar dag er det i snitt over tusen trafikkulykker i Noreg, og i overgangen mellom haust og vinter gjerne endå høgare. Blant dei hyppigaste årsakene er sommardekk på vinterføre eller dårlege vinterdekk.
– På denne tida ser vi mange bilskadar etter småkollisjonar som kjem av glatt føre, ofte i kombinasjon med slitne vinterdekk. Det finst ikkje noko fasitsvar på når vinterdekk må skiftast, men er dei brukte i fem år eller meir er eigenskapane til dekket vesentleg svekt i forhold til nye, sjølv med nok mønsterdjupne igjen. Hardare gummi gir dårlegare veggrep på vinterføre, seier Brandeggen.
Publisert: 01.11.2021 10:55
Sist oppdatert: 01.11.2021 10:56