To millionar til berekraftsløftet
Skal hjelpe kommunane i berekraftsarbeidet.
NHO Møre og Romsdal får støtte til prosjekt som skal bidra til å finne løysingar på berekraftutfordringar i kommunane.
Kultur-, næring- og folkehelseutvalet vedtok 30. november å løyve to millionar til Berekraftsløftet Møre og Romsdal, som er ein regional variant av det nasjonale partnarskapet «Bærekraftløftet», i samarbeid med KS og LO. Prosjektet skal arbeide med korleis privat sektor kan bidra til å finne løysingar på berekraftutfordringar i kommunane.
Tilskotet skal finansiere ei prosjektstilling som skal drive arbeidet framover og koordinere dialogen med kommunar, bedrifter og andre samarbeidspartnarar.
Prosjektet vil ta utgangspunkt i berekraftskartlegginga som alle kommunane i fylket har gjennomført, for å identifisere behov og nye løysingar. Det vil også vektlegge innovative anskaffingar, det vil seie ein metodikk for korleis det offentlege kan påverke leverandørane når dei gjer innkjøp - til å utvikle nye, betre og meir berekraftige løysingar for offentleg sektor.
Prosjektet skal blant anna:
- følge opp kommunane politisk og administrativt i bruk av kartlegginga/analyse og for hjelpe kommunane i sitt utviklingsarbeid.
- arrangere dialogkonferansar på ulike tema, mellom kommunar og bedrifter.
- gi støtte og hjelp til bedrifter som får oppdrag, slik at dei kan levere til fleire kommunar/byar utanfor fylket
- kompetanseheving og «trening» av innkjøparar i metodikk for innovative innkjøp og innkjøpsprosessar
Publisert: 01.12.2022 15:58
Sist oppdatert: 01.12.2022 15:59