Kort fortalt

To millionar til berekraftsløftet

Skal hjelpe kommunane i berekraftsarbeidet.

01.12.2022

NHO Møre og Romsdal får støtte til prosjekt som skal bidra til å finne løysingar på berekraftutfordringar i kommunane.

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet vedtok 30. november å løyve to millionar til Berekraftsløftet Møre og Romsdal, som er ein regional variant av det nasjonale partnarskapet «Bærekraftløftet», i samarbeid med KS og LO. Prosjektet skal arbeide med korleis privat sektor kan bidra til å finne løysingar på berekraftutfordringar i kommunane.

Tilskotet skal finansiere ei prosjektstilling som skal drive arbeidet framover og koordinere dialogen med kommunar, bedrifter og andre samarbeidspartnarar.

Prosjektet vil ta utgangspunkt i berekraftskartlegginga som alle kommunane i fylket har gjennomført, for å identifisere behov og nye løysingar. Det vil også vektlegge innovative anskaffingar, det vil seie ein metodikk for korleis det offentlege kan påverke leverandørane når dei gjer innkjøp - til å utvikle nye, betre og meir berekraftige løysingar for offentleg sektor.

Prosjektet skal blant anna:

  • følge opp kommunane politisk og administrativt i bruk av kartlegginga/analyse og for hjelpe kommunane i sitt utviklingsarbeid.
  • arrangere dialogkonferansar på ulike tema, mellom kommunar og bedrifter.
  • gi støtte og hjelp til bedrifter som får oppdrag, slik at dei kan levere til fleire kommunar/byar utanfor fylket
  • kompetanseheving og «trening» av innkjøparar i metodikk for innovative innkjøp og innkjøpsprosessar

Publisert: 01.12.2022 15:58

Sist oppdatert: 01.12.2022 15:59

Mer om