Kort fortalt

To nye konkursar måndag

Slutt for byggfirma og rådgivingsselskap.

Marius Rosbach
22.01.2024

Møre og Romsdal tingrett opna måndag konkurs i to selskap på Nordvestlandet.

Sylwester Snekker med adresse i Sula blei slått konkurs etter krav frå skatteetaten på drygt 410.000 kroner. Lovnader frå innehavaren om at firmaet var i stand i betale kravet i løpet av tre månader, hjelpte ikkje.

Verksemda var i gong med to tilsette då konkursen blei opna.

Tingretten opna også konkurs i rådgivingsfirmaet Spove med adresse i Ålesund. Bakgrunnen var krav frå ein tidlegare tilsett for lønn og feriepengar på kring 230.000 kroner.

Ein representant for firmaet erkjente at selskapet skulda vedkomande pengar, men opplyste at dei ikkje hadde pengar – og at firmaet var insolvent.

Firmaet blei etablert i 2019 og gjekk tidlegare under namnet Admit Partner.

Publisert: 22.01.2024 17:44

Sist oppdatert: 22.01.2024 17:44

Mer om